| | 
|
- reisande i godt humør
Multiunderhaldaren frå Hallingdal med over 35 år på scenen. Ove starta som tryllekunstner på barneskulen og held fortsatt morosame trylleshow for små og store. Etterkvart er det fyritalsmannen (konferansieren), toastmasteren og skrønemakaren, den ekte hallingdølen som er best kjent. Ove har underhalde forsamlinger av ulike slag gjennom ei årrekkje og latteren sit svært laust når hallingdølen entrar scenen. Me nemner ikkje firma eller grupper Ove har underhalde for, det er kanskje lettere å nevne dei han ikkje har underhalde. Trur sjølv han er ein av dei siste som pratar hallingdialekt, men han gjer ikkje mindre lykke ved å bruke dialekten sin på scenen.
Neste gong du treng ein til å live opp i selskapet - ring Ove på tlf 90 73 21 42, han er av og til ledig! |
|
|