Du er her: Hovudside > Stølen og fjellet > Oddestølen i Iungsdalen
Stølen og fjellet
 Oddestølen i Iungsdalen

Vertskap: Kjersti Nestegard og Geirmund Tormodsgard. Me er ogso vertskap på Iungsdalshytta som ligg tett ved stølen.
Produkt: Sal av stølsrumme og stølssmør.
Servering:
Ingen servering på stølen. På Iungsdalshytta, som ligg tett ved, er det kvar dag servering av rumme, rummegraut og spekemat, dylle og lappar med rumme og syltetøy. Middagsservering. Råvarene kjem frå stølen og garden.
På Turisthytta og i Steinbue kan me ta imot grupper til servering etter avtale.
Dyr: Kyr, kopplam, gris, hest, høner og gjess.
Aktivitetar: Turar i Eivind Fredlaus sine fotspor med forteljing, dramatisering og servering kvar laurdag og sundag i opningstida. Du kan melde deg på til Iungsdalshytta, tlf 975 89 394.
Du kan vera med på fjøsstell. Eige fiskevatn med sal av fiskekort.
Iungsdalen er flott utgangspunkt for turar i DNT sitt rutenett.
Overnatting: På Iungsdalshytta eller i utleigehytte for 4 pers.
Kor ligg stølen: Iungsdalen i Hol kommune - i grenseland der aust møter vest. Køyr frå Ål mot Vats, fjellveg forbi Rødungstølen, Vallo og Djup til Toviken, ca. 50 km. Bomveg. Det er ikkje bilveg heilt fram til stølen, men det er ein lett tur å gå dei 3 km frå Toviken til Iungsdalen. Du kan og bestille båtskyss på Iungsdalshytta.

Adresse:3576 Hol
Opningstid:01.07 - 15.08.
Telefon:Iungsdalshytta 975 89 394
Heimeside:www.iungsdalen.no
 PDF-versjon
© 2004 Hallingdal Reiseliv AS. Gamlevegen 6, 3550 Gol, Tlf: 32 02 99 26, Faks: 32 02 99 28,hallingdal.reiseliv@dbc.no