| |  Kjelde: Knut Bry
| Iungsdalshytta ligg flott til midt i villreinens rike, 1111 m.o.h. og med Fødalen landskapsvernområde som næraste nabo. Hytta ligg med fin utsikt innover Iungsdalen og heimover mot Reineskarvet.
Følg skilt til Vats aust for Ål sentrum, forbi Rødungen til Toviken. Ta ein båttur eller følg den merka stigen til Iungsdalen Turisthytte. Iungdsalshytta tilbyr servering for dei som ikkje er med på I fotefara til Eivind Fredlaus òg. Om ein vil kan ein overnatte på Iungsdalhytta og gå vidare til eksempel Bjøberg eller Raggsteindalen. Utanom sesongen finns det eit sjølvbetjent anneks for medlemmar av DNT.
I FOTEFARA TIL EIVIND FREDLAUS
Ein krangel i 1719 om eigedomsrett til utmarka enda med at Eivind Gudbrandsgard knivstakk Ola Øylien så han døydde. Eivind rømde til fjells og levde som fredlaus og ettersøkt i fjella mellom Hallingdal og Indre Sogn i mange år. Eivind bygde fleire steinbuer, såleis ei Eivindbotn inne i Iungsdalen. I 1737 vart han funne død i Toviken. Etter segna vart han skoten av ein lærdøl.
Forteljartur I fotefara til Eivind Fredlaus om knivdrap og fredlaust liv tidleg på 1700-talet kvar laurdag og sundag frå 15/7 til 20/8. Turen varar ca. 5 timar og inkluderar båt til Iungsdalen, kaffi, stølsrumme, syltetøy og lappar i steinbua, forteljartur i Eivind Fredlaus sine fotefar inn til Eivindbotn, rummegraut og spikjimat på Iungsdalhytta og båt til Toviken kl. 16.00. Frammøte i Toviken kl. 11.00. Pris pr. person kr 350, barn under 14 år kr 300.
Kontakt Iungsdalen Turisthytte for påmelding. Eivind Fredlaus-turen blir tilbudd frå ca. 15. juli til 20. august.
|
|
|