Du er her: Hovudside > Kulturstreifet > Heslafossen
Kulturstreifet
 Heslafossen
foto:knut bry
Kjelde: Knut Bry

Kreftene i vassrike elvar og flaumstore fossar var til god hjelp lenge før dei vart nytta til elektrisk kraftproduksjon. Slipesteinar var tunge å dra og med kvernkall gjekk steinen rundt utan å bruke muskelkraft. Seinare kom kverna der bøndene kunne male kornet, så kom det gjerne eit sagbruk. I nesten kvar bygd vaks det fram slike ”industriområde”. Heslafossen er eit godt døme på eit slikt område. I 1947 starta statskraftverka med store utbyggingar i Noreg, og i Hallingdal kom Oslo Lysverker i gang med sine anlegg. I dei tre store anlegga Hol, Hemsil og Uste-Nes vart så og seie all tilgjengeleg vasskraft i Hallingdal utbygd i løpet av dei neste 20 åra.

For individuelle gjester:

Området rundt Heslafossen vest i Gol sentrum er tilrettelagt med gangstigar. Her ligg også den gamle Myklefossen kraftstasjon. Ein vassinstallasjon i elveleiet visar korleis kunstnaren tøyler det frittrennande vatnet.

Adresse:3550 Gol
Opningstid:Opent heile året
Telefon:32 02 97 00
Faks:32 02 97 01
E-post:gol@golinfo.no
 Sjå film
 PDF-versjon
© 2004 Hallingdal Reiseliv AS. Gamlevegen 6, 3550 Gol, Tlf: 32 02 99 26, Faks: 32 02 99 28,hallingdal.reiseliv@dbc.no