|
|
| |  Kjelde: Knut Bry
| Museet er eit av dei eldste friluftsmusea i Norge. Det vart grunnlagt i 1899 og er distriktsmuseum for Hallingdal. Museet med sine 29 bygningar ligg vakkert til langs elva Rukkedøla, og ei vandring mellom dei gamle trehusa ein varm sommardag gjev ei stemningsfull oppleving. Museet har òg ulike utstillingar. Hovudutstillinga er om natur og kultur i Hallingdal og gjev eit inntrykk av geologi, planter og dyr, tekstilar, rosemaling og andre kulturytringar. I tillegg vert det heldt skiftande utstillingar i sommarsesongen. I sommarsesongen byr museet mellom anna på omvisingar, handverksdagar, temahelger, gamaldags skuletime, eventyrstund og forteljarteater. Her er òg landhandel, kafé og museumsbutikk. Velkommen!
For individuelle:
Jenta i Staveloftet
Sommaren 1349 kom Svartedauden til Noreg og i Hallingdal tok sjukdomen livet av heile 85% av innbyggjarane. Då den smittsame pesta kom til Hallingdal innsåg bonden på garden Stave at pesta truleg kom til å ta livet av alle på garden. Segna seier at han låste den einaste dottera si inne på Staveloftet for å redde ho frå pesten og at ho budde der heilt aleine i eit år. Segna vert dramatisert med kveding og spel i Staveloftet i perioden 28/6-2/8 kvar onsdag kl. 12 og 14. Forestillinga varar omlag 30 minutt.
For grupper:
I sesongen kan Jenta i Staveloftet òg tingast av grupper utanom dei faste visningane. Engelsk og tysk versjon.
Stiftinga Hallingdal Museum har driftsansvar for musea i kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål.
|
|
|
| | Adresse: | Møllevegen 18, 3540 Nesbyen | | Telefon: | 32 07 14 85 | | Faks: | 32 07 14 98 |
| |
|
|
|
|
|