Du er her: Hovudside > Stølen og fjellet
Stølen og fjellet
Jakobsplass
Jakobsplass er ein fjellgard 14 km frå Geilo i retning mot Skurdalen - Rv40. 1 km frå hovudveg. Skilta
Prestholt
Stølen ligg ved foten av Hallingskarvet og er ei stølsgrend der dei driv med produksjon av geitost. Flott natur i høgfjellsterreng.
Hamarsbøenstølen
Opp frå Havsdalen åpnar det seg eit flott turterreng i snaufjellet. På stølen har vi salg av rumme, søtprim og mjølkeprim, saueskinn og ved.
Gurostølen
Ein vanleg støl med dagleg drift. I koseleg område rundt stølen kan du sita ned, eta nista og nyte utsikta.
Helgegård Støl
Ligg flott til ved Strandavatn, nær Storestøl fjellstue. Her kan du klappe geiter og kjøpe geitost og geiteskinn eller ta fine turar i lett høgfjellsterreng.
Fagerdalen Stølskafe
Fagerdalen finn du midt i Skarvheimen, nær både Hallingskarvet og Reineskarvet. Her er stølsdrift på gamlemåten og all mjølk blir foredla til servering og sal.
Nedremyrstølen
Nedremyrstølen er ein støl der alt blir produsert på gamlemåten. Driv med foredling av mjølk; separering, kinning og ysting med smaksprøver.
Oddestølen i Iungsdalen
Langt inn i fjellet, nær Iungsdalshytta ligg Oddestølen. Køyr fjellvegen frå Rødungstølen forbi Vallo og Djup til Toviken. Det er ikkje bilveg heilt fram til stølen, men ein fin tur å gå dei 3 km frå Toviken.
Tormodset
Ta turen frå Rv7 oppover Liagardane eller opp Votndalsåsen. Stølen ligg på 950 m.o.h. Bli med inn og sjå koking av mjølka. Du kan kjøpe rumme, mjølkeprim og vevde løperar.
Trettestølane
Servering av dugurd i ein lavvo; vassgraut, asningskaku og anna stølskost. Kulturinnslag med forteljing om "Blakka i uvêret", allsong og toradarspel.
Grøtestølen
Ein vanleg støl med dagleg drift med mjølkekyr, kalvar og villsau. Haugafolk som næraste nabo!
Ulsåkstølen
Opplev stølsliv i flott høgfjellsnatur under det mektige Skogshorn i Hemsedal.
Husostølen
Husostølen ligg langs Kongevegen i Hemsedal. Her kan du delta i slåtten frå ca 1. august. Velkommen!
Fellesstølen for geit
Her kan du vera med på fjøsstellet. Sal av brunost og kvitost frå Himmelspannet. Fellesstølen ligg langs Rv 52, 20 km frå Hemsedal retning Lærdal.
© 2004 Hallingdal Reiseliv AS. Gamlevegen 6, 3550 Gol, Tlf: 32 02 99 26, Faks: 32 02 99 28,hallingdal.reiseliv@dbc.no