| | 
|
I Fekjo kulturminnepark finns det mange kulturminne frå både forhistorisk og historisk tid. 10 av dei om lag 20 gravhaugane vart undersøkte i 1923 og derfor veit vi at gravhaugane i området er frå vikingtid. Gjenstandar som vart funne i nokre av haugane var alle frå 900-talet. Interessant er det at dei fleste av dei undersøkte gravhaugane er kvinnegraver. Innanfor kulturminneparken er det registrert 7 kolgroper og eit jernvinneanlegg. I dag er det berre nokre få kolgroper igjen og jernvinneanlegget er borte. Kolet som vart laga i gropene vart anten nytta til jernutvinning eller i smia på garden. I heile Ustadalen har det vore uvanleg stor aktivitet innan jernutvinning av myrmalm i vikingtid og middelalder. På Fekjo står ei gamal høyløe og eit fjøs. Heilt fram til for ca. 80 år sidan var det stølsdrift her.
Moderne kunstinstallasjonar
Hus for vindteikningar og klangfargar - Gunnveig Nerol og Terje Isungset
I denne permanente landskapsinstallasjonen går samtidskunst i dialog med dei historiske røtene i området. Sju hus er plassert ut som ein landsby i kulturminneparken. Publikum kan gå frå hus til hus, inn gjennom teikningane, sjå gjennom det farga glaset og skape ei lydoppleving ved å spele på lydelementa i kvart hus.
Korleis finne fram?
Køyr Rv 7 og sving ned til badeplassen vest for Geilo. Derfrå er det ein kilometer å gå til Fekjo kulturminnepark. Ein annan moglegheit er å gå turen Ustedalsfjorden Rundt som byrjar frå Geilojordet i Geilo sentrum. Derfrå er det 4,5 km til kulturminneparken.
|
|
|