Gardnos meteorittkrater For 650 millionar år sidan råka ein meteoritt i stor fart og med stor kraft jordoverflata ved Gardnos.
Geilosmiu Utstilling, forteljarteateret "Frå kolgrop til robot" og stort fabrikkutsal.
Ål kulturhus Unike utstillingar. Hallingrosa inneheld rosemåling i verdsklasse og den største permanente utstillinga av arbeida til den verdskjente kunstnaren Rolf Nesch.
Kongevegen Den gamle postvegen over Hemsedalsfjellet vart bygd etter eit pålegg frå Kongen. Vegen opna i 1844.
Fekjo kulturminnepark Nokre kilometer vest for Geilo sentrum ligg ein gravplass frå vikingtida. Her møtest gamle kulturminne med moderne kunstuttrykk.
Hallingdal Museum, Nesbyen Sommaròpe friluftsmuseum med forteljarteater om jenta i Staveloftet som overlevde Svartedauden.
Heslafossen Ei bortgøymd perle like ved Gol sentrum. Her ligg Myklefossen kraftstasjon frå 1913.
Iungsdalen Turisthytte Iungsdalshytta ligg flott til midt i villreinens rike, 1111 m.o.h. og med Fødalen landskapsvernområde som næraste nabo.
Vassfaret Bjørnepark I Vassfaret Bjørnepark kan du møte Norges største bjørn, Rugg.
Rallarmuseet Finse Museet har ei fast utstilling om bygginga av høgfjellsstrekninga på Bergensbanen. Utstillinga viser den politiske kampen om trasèval og arbeidet med bygginga fram til opninga i 1909.